Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Maria ny leiar i NMU

 (03.04.2009)

Oslo-jenta Maria Svendsen (20) er vald som ny leiar for Norsk Målungdom.

Maria har gått på Nordseter ungdomsskule og Katta VGS, og studerer no lektor- og adjunktprogrammet på Universitetet i Oslo. Maria har lang røynsle i organisasjonen: ho sat i landsstyret 2006-2007, var dagleg leiar frå 2007 til 2008 og so nestleiar frå 2008 og til no.
Maria gler seg til å ta tak i utfordringane som landsmøtet gav henne. Mellom dei er kampen for nynorsken der han grensar mot bokmålsområde.

– I randsonane er innsatsen vår er svært viktig. Nynorsken må få den plassen han fortener, seier Svendsen.

Nye sentralstyremedlemmer
Janne-Kristin Nygård (20) er vald til nestleiar. Nygård er frå Jølster i Sogn og Fjordane og har vore dagleg leiar i året som gjekk. Ny dagleg leiar vert Eva Holthe Enoksen (19) frå Stavanger.

Vebjørn Sture (21) frå Stavanger held fram som økonomiansvarleg, medan Birgitta Lim Ersland (19) frå Bergen og Leif Arne Storset (25) frå Tingvoll i Møre og Romsdal held fram som sentralstyremedlemer.

Nye sentralstyremedlemer er Bror-Magnus Sviland Strand (19) frå Sandnes i Rogaland, Eirik Wixøe Svela (19) frå Bjerkreim i Rogaland og Jostein Avdem Fretland (19) frå Lærdal i Sogn og Fjordane.

Pressemelding NMU
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no