Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Gull til «Ordleiksboka»

 (14.04.2009)

I konkurransen om Årets Vakraste Bøker 2009 gjekk gullmedaljen til illustratør Stina Langlo Ørdal og designer Silje Nes for «Ordleiksboka» av Olaf Husby og medforfattarane Sylfest Lomheim og Øystein Vangsnes.

– Dette er utruleg hyggeleg. Det er kjekt å bli lagt merke til, seier illustratøren Stina Langlo Ørdal som tok i mot prisen på vegne av designparet. Frå Skald var forleggar Lars Nes og medforfattar i boka Sylfest Lomheim til stades.
På dei 218 sidene i boka er det samla over 1500 illustrasjonar.
– Prosjektet vart mykje større enn eg hadde trudd, men det var veldig morosamt å jobbe med det, seier Lanlgo Ørdal.
I sin kommentar skriv juryen: – Ei vakker bok der illustrasjon og design er saumlaust samanvevd. Denne boka vil forhåpentleg bli brukt og elska av mange barn. Boka er svært pedagogisk vellukka, men det er overskotet som herskar her!
Det nære samspelet mellom design og illustrasjon vart også påpekt som uvanleg og vellukka av progamleiar Solveig Kloppen under premieutdelinga på Nasjonalbiblioteket. Noko som er endå meir utruleg når ein tenkjer på at dei to aldri har møtt kvarandre. Medan Stina Langlo Ørdal lagde i illustrasjonane heime i Asker, var det i Berlin Silje Nes sydde boka i hop.
– Den digitale verda gjer det mogleg, seier forlagsredaktør Simone Stibbe. – Og i tillegg sat eg her på Leikanger, legg ho til.
«Ordleiksboka» er den første boka om språk, ord og uttrykk for barn med så omfattande innhald. Gjennom humoristiske ordleikar vert barna oppmoda til leik med ord, uttrykk, ordtak og dialektord. Boka har fått strålande kritikkar og har dessutan vore ei av dei fem nominerte for Årets Vakreste 2009, uansett klasse.

Pressemelding Skald
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no