Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Enno ikkje nøgd

 (17.04.2009)

Venstrepolitikar Heine Århus har på enno ein gong fått utsett handsaminga av opplæringsmålet ved Gvarv skole.

I februar ville rådmann Peder Rekkedal endre opplæringsmålet ved Gvarv til bokmål. Det likte ikkje Århus, som er leiar i Utvalet for oppvekst og omsorg. Han bad om ei utgreiing. No har denne utgreiinga kome, men i fylgje avisa Telen er Århus framleis ikkje nøgd. I ein e-post til kommunalsjef Hans Olav Sauar, som hadde gjort utgreiinga, skreiv Århus at "saken er enno ikkje utgreidd så den oppfyller kriteria i vedtaket til utvalget". Han meinte det enno var uklårt kor mange elevar i 1. til 7. klasse som faktisk hadde nynorsk som opplæringsmål ved Gvarv skole.

Med Århus si dobbeltstemme vart saka utsett til neste møte i komiteen.

<a data-cke-saved-href="http://www.nm.no/tekst.cfm?id=2807" href="http://www.nm.no/tekst.cfm?id=2807" self"="" class="link">Strid om skulemålet på Gvarv
 

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no