Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Etterlyser nynorskundervisning

 (20.04.2009)

Fylkesmannen i Oslo og Akershus har bede Oppegård kommune dokumentere at skuleelevar får den nynorskundervisninga dei har krav på.

FAU-styret ved Flåtestad skole er i fylgje Østlandets Blad uroa over talet på undervisningstimar i viktige fag. Dei har motteke fleire meldingar frå foreldre som er uroa over at ungane deira ikkje får den undervisninga dei har krav på. I vinter sende dei eit brev Oppegård kommune som skuleeigar, der dei peika på det dei meiner er manglar i undervisningsopplegget. Utgreiinga dei fekk frå kommune var i deira auge ikkje god nok, så dei klaga til Fylkesmannen i Oslo og Akershus.

Fylkesmannen stiller seg heilt på foreldra si side. Mellom anna påpeiker Fylkesmannen at "det var minimalt med nynorskundervisning på 9. årstrinn selv om årsplanen for den aktuelle perioden tilsa noe annet."

- Me er godt nøgde med at Fylkesmannen tek tak i alle problemstillingane som me reist, og som me opplever at kommunen ikkje svarte godt nok på, seier FAU-styret til avisa.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no