Ingvill Tandstad, journalist i NRK Østlandssendingen, er tildelt Alf Helleviks mediemålpris 2009. Tandstad er den fyrste nynorsktalande journalisten som er tilsett ved NRK sitt største distriktskontor, NRK Østlandssendingen i Oslo. Ho arbeider som journalist og programleiar i radio og fjernsyn, og er tildelt prisen for sin konsekvente nynorskbruk i eit elles bokmålsdominert mediemiljø.
- Dette var veldig overraskande, og veldig kjekt! Eg har ofte fått kjeft for å bruke nynorsk i bokmålland, så denne utmerkinga gjer meg utruleg glad, seier Tandstad.
Grunngjevinga for prisen: Ingvill Tandstad er ein motstraums journalist i hovudstadseteren. Innbyggjarane i Oslo kjem frå heile landet, og har ulik bakgrunn og identitet. Nemnda, samansett av leiar Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, Harald Stanghelle og Ingvild Bryn, ynskjer å leggje vekt på at det er viktig å fremje røyster i hovudstaden som ikkje har bokmål som talemål. Tandstad er ein pionér og eit førebilete, ikkje berre for innflyttarar frå nynorsktalande stader, men for den store gruppa av Oslo-borgarar som har ein nynorsk språkidentitet og som er interesserte i språk . Nemnda ynskjer også å leggje vekt på kor viktig det er at born og unge i Oslo og Akershus vert eksponerte for nynorsk som ein naturleg del av språkbiletet i det offentlege rom.
Prisen vert delt ut på årsmøtet i Det Norske Samlaget.