Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk litteraturpris til Gunnhild Øyehaug

 (24.04.2009)

Foto: Rolf M. Aagaard
Nynorsk litteraturpris 2008 går til Gunnhild Øyehaug for Vente, blinke.

Dette er Øyehaug sin første roman, men ho er for lengst ein driven skribent og aktør i det offentlege rom, med dikt, noveller og essay på merittlista – i tillegg til at ho underviser på Skrivekunstakademiet og har vore redaktør for tidsskriftet Kraftsentrum.

Juryen meiner Gunnhild Øyehaug sjarmerer stort i Vente, blinke. "Ein godtepose og ei russisk dokke av ein roman", kallar juryen boka. "Med sin særeigne stil leikar Øyehaug med lesaren, med språket og med personane sine, og ho gjer det med eleganse og humor. Øyehaug verkar nyte å tøye grensene for det realistiske og det moglege. Dette er korkje draum eller røynd, dette er litteratur – slik det skal vere i gode romanar", skriv juryen vidare.

Gunnhild Øyehaug er fødd i 1975 og er frå Ørsta på Sunnmøre. Prisen blir delt ut under landsmøtet til Noregs Mållag l på Økern i Oslo laurdag 25.april.

Prisen er på kr. 30.000,-

Meir om boka

Tidlegare vinnarar

For meir informasjon:
Informasjonskonsulent Kjartan Helleve tlf: 94397998



Grunngjevinga

2008 var eit godt år for nynorske kvinnelege forfattarar. Dag og Tid er no på jakt etter ei ny diktardronning og at vi tykkjer det blant fjorårsforfattarane finst mange gode prinsesser og kronprinsesser å velje mellom. Juryen har vald å gje årets pris til ei av dei, Nynorsk litteraturpris 2008 går til Gunhild Øyehaug for Vente, blinke. Dette er Øyehaug sin første roman, men ho er for lengst ein driven skribent og aktør i det offentlege rom, med dikt, noveller og essay på merittlista – i tillegg til at ho underviser på Skrivekunstakademiet og har vore redaktør for tidsskriftet Kraftsentrum.

Gunhild Øyehaug sjarmerer stort i Vente, blinke – ein godtepose og ei russisk dokke av ein roman. Med sin særeigne stil leikar Øyehaug med lesaren, med språket og med personane sine, og ho gjer det med eleganse og humor. Øyehaug verkar nyte å tøye grensene for det realistiske og det moglege. Dette er korkje draum eller røynd, dette er litteratur – slik det skal vere i gode romanar.

Øyehaug morar seg med å skifte ståstad, og vi følgjer villig – og av og til litt forvirra – med, frå Bergen til Oslo til København, frå Trine til Sigrid til Linnea til Kåre – og alle dei andre. Ho ser på samtida og på karakterane sine med kjærleg ironi og snert, men òg med innleving og medkjensle – for det er eit krevjande samfunn og ei krevjande tid vi lever i – og det er ikkje så lett korkje å skape seg eit godt liv eller å tore vere den ein eigentleg er, for ikkje å snakke om å gjere det ein eigentleg vil gjere. Det er ikkje lett å riste av seg den store, tyngande kjensla av tomheit og manglande tilfredsstilling. Det er ikkje lett å vere perfekt. Og det er slett ikkje lett å finne kjærleiken – eller halde fast ved den.

Øyehaug går høgt ut, med ei opning som sug oss inn i biletet, inn i forteljinga og inn i rytmen. Ho fortel, ho drøftar, ho zoomar inn, ho zoomar ut, og sjølv om stilen til tider er distansert, kan den også vere inderleg og ikkje minst morosam. Øyehaug nyttar det norske språket med vett og snert, med driv og ikkje minst med språkleg sikkerheit. Frå første side merkar vi at vi har å gjere med ein myndig og sjangermedviten forfattar som veit kva ho gjer og tillet seg å gjere det.

Øyehaug nærmar seg sjangeren – og sjangergrensene – på ein frisk måte. Romanen består av mange tekstar og forteljingar som får meir eller mindre merksemd, og som er meir eller mindre tett vovne saman. Nokre vil kanskje hevde at dette like gjerne kunne vore ei samling forteljingar/noveller, som no er sett saman på langs (i motsetnad til kant i kant), medan andre vil hevde boka er ein fullblods roman. Uansett kva merkelapp ein set, eller kanskje helst let vere å setje, er dette ein ambisiøst, originalt og modig prosjekt – også i mangelen på det ein vanlegvis tenkjer på som framdrift eller spenningsskapande handling. Forfattaren bryr seg heller ikkje om å binde dei ulike historiene spesielt tett saman eller gjere det usannsynlege meir sannsynleg. Ho gjer det på sin måte, og ho gjer det med ein stil og ein kontroll det er vanskeleg å ikkje bli imponert over.

Vi håpar Gunhild Øyehaug ikkje vil vente for lenge med å gi oss fleire perler som Vente, blinke – ein roman som tilsynelatande er livlig og lett, men som samstundes er skarp og satirisk – og heilt seg sjølv.


Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no