Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris til Meltveit Kleppa

 (25.04.2009)

Noregs Mållag har gitt Målprisen 2009 til Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Prisen vart delt ut under Noregs Mållag sitt landsmøte i på Økern i Oslo. Ministeren var tydeleg stolt over prisen, men understreka at målkampen ikkje vart ført av sentrale politikarar.

- Dette er eit dugnadsarbeid. Me politikarar kan arbeide for vedtak på stortinget og presse på for ein aktiv språkpolitikk. Men det blir gjort eit like viktig arbeid i skulen, på arbeidsplassen og i heimane. Dette er noko me må kjempe for saman, sa Meltveit Kleppa.

Grunngjevinga
Målprisen 2009 går til ein medlem i eitt av dei minste lokallaga i Noregs Mållag. Like fullt ofte kalla «det viktigaste lokallaget i målrørsla».

Då partia i den nye Stoltenberg II-regjeringa møttest for å laga ei plattform for samarbeidet, var dåverande parlamentarisk leiar i Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa, pådrivar for at denne regjeringa skulle koma med ei språkmelding. Etter at eit samla Storting i 2002 vedtok at det ikkje lenger var eit mål å undergrava eksistensen til bokmål og nynorsk, men at språkpolitikken i framtida skal byggja på to sjølvstendige skriftmål i Noreg, var det stor trong for å meisla ut ein strategi for korleis denne nye språkpolitikken skulle verta verkeleg. Drivkrafta attom å få arbeidd fram dette, var den evig aktive målkvinna Magnhild Meltveit Kleppa!

Attåt dette har Magnhild vore drivande i å få brukt og dermed utvikla nynorsk som styringsmål. Mellom anna fekk ho gjennom i Kontrollkomiteen på Stortinget at organ som er underlagde Stortinget, slike som EOS (Etterretning, overvåknings og sikkerhetstjenesten), Riksrevisjonen og Sivilombodsmannen også skal vera pålagde å fylgja mållova! Dette føyer seg inn i eit mønster av ein brote vedtak MMK har drive gjennom på Stortinget heilt sidan ho mønstra på der i 1993.

Heilt sidan tidleg i livet har Magnhild Meltveit Kleppa vore ei stødig målkvinne. I politikken kan, og bør det vera slik at me leitar etter nye løysingar, endå til skifter standpunkt og søkjer etter alliansar. Så også MMK, men på eitt område har det aldri vore snakk om å skifta side, skifta meining og slett ikkje skifta mål; nynorsken!

Målreisinga har alltid vore ein vekselverknad mellom jamt dagleg målarbeid i lokalsamfunna frå mållaga og målfolket på den eine sida, og å få fram vedtak som tryggjar nynorsk like rettar som bokmål og gode vokstervilkår på den andre. MMK er eit av dei fremste prova på denne vekselverknaden, og utan slike som henne ville nynorsken ha stått mykje veikare i samfunnet.

Det er ei glede og ei æra å gje målprisen 2009 til målkvinna frå Hjelmeland, Magnhild Meltveit Kleppa!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no