Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vil ha utgreiing om momsfritak for aviser

 (27.04.2009)

Noregs Mållag meiner at momsfritaket for aviser fungerer som eit indirekte statstilskot til språkdiskriminering. Under landsmøtet i Oslo i helga vedtok Mållaget ei fråsegn der dei bed Kulturdepartementet om ei utgreiing om momsfritaket, som utgjer meir enn ein milliard kroner.

Mållaget meiner at utgreiinga bør vurdere om forbod mot å bruke eit av dei to offisielle norske målformer på redaksjonell plass bør gje bortfall av momsfritak for riksdekkande aviser utan eksplisitt språkpolitisk definert føremål, som t.d. Aftenposten, VG og Dagbladet.

- Redaktørane er i sin fulle rett til å avgjerde kva språk avisa deira skal redigerast på. På same måten er staten i sin fulle rett til å sjå på korleis dei offentlege støtteordningane fungerer, seier nyvald leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård.

- Sjølv om momsfritaket i utgangspunktet skal stimulere til meiningsmangfald i norsk presse, så er den samstundes uløyseleg knytt opp til det norske språket. Den nye språkmeldinga Mål og meining slår fast at me har to offisielle språk og at regjeringa ventar at det blir opna opp for nynorsk i riksdekkjande aviser. Då må det vera naturleg å sjå nærare på korleis ein kan knyte språkbruk opp mot den offentlege støtta som desse avisene får, seier Øvregård.

- Offentleg støtte skal ikkje stimulerer diskriminering. Me meiner at dette også må gjelde diskriminering av språk.

Høyr intervju med Håvard B. Øvregård i Kulturnytt
(Spol halvegs ut i sendinga)

Høyr ordskifte mellom Håvard B. Øvregård og Trond Giske i Syttentretti på P4
(Spol fram til 16:35 i programmet)


Fråsegn vedteken på landsmøtet til Noregs Mållag 26.4.2009:

Staten skal ikkje lønne språkdiskriminering med indirekte statsstilskot

Landsmøtet i Noregs Mållag meiner momsfritaket for aviser fungerer som eit indirekte statstilskot til språkdiskriminering.

Lov om meirverdiavgift § 16, 7.lekk, gjev momsfritak for aviser som kjem med minst eitt nummer i veka. Dei tre avisene som tener mest på dette momsfritaket er VG, Aftenposten og Dagbladet (høvesvis 215 million, 126 million og 121 million for 1999). Dei same tre avisene har i røynda forbod mot nynorsk på redaksjonell plass.

Noregs Mållag meiner det er meiningslaust at eit offentleg verkemiddel som har som mål å stimulere til meiningsmangfald (momsfritaket) i praksis vert brukte til det motsette: sensur og einsretting.

Regjeringa har kommentert denne einsrettinga i Stortingsmelding nr. 35 (2007–2008) Mål og meining. Regjeringa seier her under ”Prioriterte tiltak”: ”Departementet ventar at riksdekkjande aviser i større grad gjev høve til å nytta nynorsk på redaksjonell plass.”

Landsmøtet i Noregs Mållag meiner at departementet bør kome med ei utgreiing om momsfritak for aviser. Utgreiinga bør vurdere om forbod mot å bruke eit av dei to offisielle norske målformer på redaksjonell plass bør gje bortfall av momsfritak for riksdekkande aviser utan eksplisitt språkpolitisk definert føremål.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no