Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vil ha meir nynorsk i departementa

 (28.04.2009)

Noregs Mållag er svært nøgd med stortingsmeldinga Mål og meining, og ventar at alle departement no gjer ein innsats for at språkpolitikk skal gjennomsyra aktiviteten deira på alle område.

- Språkmeldinga strekar opp tiltak for at statsorgan i framtida skal innfri kravet om 25 prosent nynorsk. Den årlege målinga av nynorskbruk i departementa syner at det enno er ein veg å gå, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

- På sikt bør medvitet om målbruken i det offentlege få ringverknader også på fylkes- og kommunalt nivå, slik at heile det offentlege tenesteapparatet dreg same veg for å gjennomføra målsetnaden frå språkmeldinga. Det er særleg viktig at det kjem ei avklaring av verkeområdet for mållova og ei innføring av språklege kompetanseplanar vera til hjelp for å få ein ryddig struktur som leiarar i statsorgan kan handla innanfor, seier Øvregård.

Må vite meir
Både stortingsmeldinga Mål og meining og Kunnskapsdepartementet si melding Språk bygger broer strekar under mangelen på kunnskap og talmateriale når det gjeld stoda for nynorsk i opplæringa og nynorsk i samfunnet generelt.

- Ein aktiv språkpolitikk krev gode faktakunnskapar. Me meiner at det er heilt avgjerande å få til eit større forskingsprogram som kan kartleggja nynorsk i samfunnet. Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet burde difor gå saman om å løyva midlar til eit slikt forskingsprogram. Me er glade for at Familie- og kulturkomiteen i deira innstilling har understreka både at dette er viktig og at dette er viktig å bruke ressursar på, seier Øvregård.

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no