Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Historisk vedtak

 (04.05.2009)

Landsmøtet i Norsk Journalistlag (NJ) har ført inn eit nytt punkt i arbeidsprogrammet under kapittelet Likestilling og mangfold. Der heiter det at "NJ vil arbeide for medlemmenes mulighet til å utvikle journalistisk og språklig kvalitet og uttrykksfrihet, mangfold og integritet." -Svært gledeleg, seier Berit Rekve, leiar i Mediemållaget.

Framlegget kom frå Dag Hellesund frå Bergensavisen. Han ville i utgangspunktet at setninga inn under eit punkt om ytringsfridom, men vart etter eit ordskifte plassert under kapittelet om likestilling og mangfald. Berre seks utsendingar røysta mot framlegget.

Berit Rekve, leiar i Mediemållaget, tek dette som eit signal om at NJ vil arbeide for meir nynorsk i norske avisspalter.
- Det er svært gledeleg at dei har gjort eit slikt vedtak. Vi vonar dette betyr at Journalistlaget vil gi tydlegare støtte til nynorskskrivande journalistar, seier Rekve.

Vil sjå på pressestøtta
I eit anna ordskifte gjekk statssekretær Wegard Harsvik inn for å setje ned ein kommisjon som skal sjå nærare på korleis presstøtta fungerer. Han lova at kommisjonen sitt mandat skal bli utarbeidd i samarbeid med redaktørforeininga, Journalistlaget og andre aktørar i bransjen.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no