Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Departementa må ta språkpolitisk ansvar

 (06.05.2009)

Kulturdepartementet ber no dei andre departementa om å gjere språk til ein like sjølvsagt del av politikken som likestilling og miljøvern.

Departementet har med bakgrunn i Språkmeldinga om språk sendt ut eit rundskriv som skal informera om dei overordna prinsippa i den nye språkpolitikken. Rundskrivet peikar på at sjølv om det er Kultur- og kyrkjedepartementet som skal ha det overordna ansvaret for språkpolitikken, så må alle dei andre departementa ta språkpolitiske omsyn med i vurderinga når dei utformar sin eigen sektorpolitikk.

Rundskrivet strekar også under at departementa har eit særleg ansvar for å fremja nynorsk språkbruk spesielt, men og å fremja eit korrekt og velfungerande språk og å ta vare på språkbrukarane sine rettar.

Vil ha meir nynorsk i departementa

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no