Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ekte menn på Festspela

 (11.05.2009)

Karane i Side Brok har fått meir hår på brystet og mindre på hovudet. Rytmen og orda har den populære hip-hop-gruppa framleis stålkontroll på.

Denne våren er dei aktuelle både med dokumentarfilmen Heimegutar og den nye CD-en Ekte menn. I juni gir dei heimepublikummet og tilreisande ein kraftfull utekonsert på Volda bygdetun under Dei nynorske festspela laurdag 27. juni, slik berre ekte menn kan. Publikum kan forvente seg kva som helst, i følgje Sjef R.

– Musikken er, som før, ei salig blanding av stilartar, mykje spøk og alvor, lys og varme – og to store posar god stil. Dei to viktigaste endringane frå tidlegare er at tekstane ikkje handlar om Ørsta lenger, og at me har med beats frå andre folk, seier Runar Gudnason i eit intervju med Lars Vaular.

Musikalsk hentar Side Brok det beste frå mange forskjellige stilartar, og miksar det saman med sitt særeige uttrykk. Ein får assosiasjonar til mellom anna ska, vestkystrock, r&b og soul. På festspelkonserten er dei forsterka med ei solid blåserekkje med Ola Welo, Peder Øyseth og Erik Johannessen. Side Brok lovar fullt trøkk, mykje blås og slesk lyd.

Pressemelding Nynorsk Kultursentrum
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no