Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

4,1 millionar til styrking av nynorskopplæringa

 (12.05.2009)

Nynorskopplæringa skal styrkjast og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa har no fått godkjent ein treårig tiltaksplan av Utdanningsdirektoratet. Planen inneheld tiltak for opplæringa i nynorsk frå barnehagen til lærarutdanninga, og forsking på opplæringa i nynorsk er sentralt i planen.

- Vi er svært glade for å få ein treårig tiltaksplan for styrking av nynorskopplæringa med ekstra midlar til gjennomføringa av planen”, seier leiar for Nynorsksenteret, Anne Steinsvik Nordal til nynorsksenteret.no. Det er sett av 4,1 millionar kroner til arbeidet i 2009.

- Utdanningsdirektoratet meiner dette er ein god og konkret plan som medverkar til betre opplæring i nynorsk, seier direktøren i Utdanningsdirektoratet, Petter Skarheim.

Barnehage
For barnehagen vil Nynorsksenteret setje i gang prosjekt for språkstimulering, og få utvikla digitale ressursar for leik og læring på nynorsk. På barnetrinnet vil ein prøve ut prosjekt med ”tidleg start” med skriftleg nynorsk for elevar som har bokmål som hovudmål. For elevar i ungdomsskulen og i vidaregåande skule som har nynorsk som hovudmål skal Nynorsksenteret: ”Setje i gang prosjekt med følgjeforsking med fokus på skriveopplæring i alle fag”. Måla for opplæringa i nynorsk er at elevane får kulturell og språkleg sjølvtillit som gjer dei til trygge nynorskskrivarar.

Sidemålsundervisning
Nynorsksenteret vil også føre vidare prosjekt som senteret alt har i gang for elevar som skal lære nynorsk som sidemål. I desse prosjekta brukar elevane lærebøker på nynorsk i eit anna fag enn norsk, slik at nynorsk på den måten vert ein meir sjølvsagt del av opplæringa. Prosjekta skal fylgjast av forskarar slik at resultata ein oppnår kan gjerast kjende og vere med å leggje grunnlag for betre nynorskopplæring.

Stipendiatstilling
I universitets- og høgskulesektoren skal Nynorsksenteret arbeide for å byggje opp kompetanse på høgt nivå når det gjeld nynorsk språk og didaktikk, og ei stipendiatstilling på dette feltet vert utlyst no i vår. Nynorsksenteret vil tilby stimuleringstiltak for studentar og lærarar som tek særskild utdanning i nynorsk, og vil utvikle og få i gang eit emne på 15 studiepoeng med moderne nynorskutdanning for lærarar.

Nynorsksenteret
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no