- Eg har jobba som redaksjonsassistent i VG, ein jobb eg treivst godt i. Men det var noko som mangla, nemleg bruk av mitt eige hovudmål, seier Aleksander Vallestad, som er ein av dei nye praktikantane ved Mediesenteret.Det 11.praktikantkullet ved Nynorsk mediesenter er no klart. I slutten av august tek desse til på det seks månader lange, intensive kurset i journalistikk og språk: Aleksander Vallestad frå Stord, Bjørn Ivar Austevik Voll frå Nedstrand, Mathias Oppedal frå Nærbø, Sara Myren Kornberg frå Folkestad og Simon Frammarsvik Solheim frå Florø.
(Foto: Geirmund Henjum, Nynorsk mediesenter)
Les meir:
Ei kvinne og fire menn på kull 11