Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Oppseiingar ved Teatret?

 (13.05.2009)

Styret for Det Norske Teateret har pålagt administrasjonen å kutte 8 millionar i personalkostnadar.

I vedtaket heiter det at ”Styret vedtek ein framtidig inntektsstrategi som inneber å kutte ordinære eigenproduksjonar på prøvesalen og som pålegg administrasjonen å kutte dei årlege personalkostnadene med kr 8 millionar. Styret innser at redusering av bemanninga kan vere eit naudsynt verkemiddel for å nå styret sitt mål.”

Teatret hadde om lag 38 millionar kroner i eigne inntekter i 2008. Dette er mellom dei beste resultata dei siste tjue åra. Likevel gjekk teatret ut med eit underskot på om lag 6.2 millionar kroner. Difor er Det Norske Teatret no i gang med ei omstilling for å kome ut med ein positiv eigenkapital innan utgangen av 2010, og for å sikre den langsiktige økonomiske utviklinga til teatret.

- Situasjonen er alvorleg, men eg har god tru på at vi skal nå målet vi har sett oss, seier styreleiar Magnus Rindal.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no