Jærmuseet søkjer no om 10 millionar frå staten til utstillingsdelen i Garborgsenteret.– Bidraget frå staten vil vera avgjerande for arbeidet med å fullfinansiera prosjektet. For å halda tritt med framdrifta må me ha statlege pengar på plass i 2010, skriv prosjektleiar Einar Schibevaag i søknaden.
Til
Jærbladet understrekar han kor avgjerande ei statleg løyving til utstillingane og andre aktivitetar som skal fylla bygget over statsbudsjettet for 2010, er.
Denne veka godkjende Time kommune den nye prislappen på senteret, som ser ut til å enda på kring 58,5 millionar kroner. Dette er meir enn sju millionar kroner meir enn det ein fyrst rekna med. Nesten 2 millionar kroner skal gå med til å pryde fasaden med ein vev av stålplater.
Samstundes er Gunhild Hammeraas (29) tilsett som ny utstillingsleiar ved Garborgsenteret.
- Eg gler meg. Det er veldig spanande å få vere med å utvikle noko, seier ho. Hammeraas kjem frå stillinga som Kultursjef i Time Kommune og hennar primære arbeidsoppgåve vert å bygge opp utstillingar over Arne og Hulda Garborg sine liv.