Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 7. DESEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Festspela treng fleire frivillige

 (22.05.2009)

Kvart år er om lag femti personar med på å gjere Festspela til ei god oppleving for både utøvarar og publikum.

– Innsatsen dei frivillige gjer, er avgjerande for at vi skal kunne ha fest og spel fem flotte dagar kvar sommar, seier administrasjonssjef Magni Hjertenes Flyum i Aasen-tunet.

No etterlyser ho og frivilligkoordinator Anne Marta Vinsrygg Vadstein fleire som vil vere frivillige under Festspela siste helga i juni. – Som frivillig på Festspela får ein god praksis innan kulturarbeid og ein unik sjanse til å knyte nye kontaktar. Vi treng hjelp til mellom anna transport, dekorasjon, billettkontroll, rydding, vakthald og parkering, seier Flyum. Dei som er frivillige får fribillettar til festspelarrangement, t-skjorte og avslutningsfest med mat og drikke. Og ikkje minst, dei får ei flott oppleving saman med andre frivillige, festspelstaben og alle dei kjekke festspelutøvarane.

Festspela blir arrangerte i Volda og Ørsta frå 24. til 28. juni og inneheld meir enn 50 arrangement på 20 scener. Temaet er ”Med andre ord”, og det er første gongen ein festival har ein omsetjar som festspeldiktar.

Nynorsk Kultursentrum
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no