Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Pris til P3-Ronny

 (25.05.2009)

(Foto: Nadia Frantsen)
(Foto: Nadia Frantsen)
22 år gamle Ronny Brede Aase i NRK P3 får Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar for 2009.

–Som nynorskbrukande platepratar i P3 når han ungdom når språklege haldningar vert forma og vala tekne. Han kan vere eit føredøme for andre dialekt- og nynorskbrukarar, seier juryen.

- Eg vart glad, stolt og overraska - eg visste jo ikkje at eg var nominert ein gong, seier prisvinnaren. Ronny Brede Aase frå Førde har arbeidd som DJ, eller platepratar, i P3 i snart to år. Han skriv òg bloggar i ungdomskanalen. Han byrja som sommarvikar i NRK Sogn og Fjordane som 19-åring.

Juryen grunngjev valet av Brede Aase med at ”hans naturlege og trygge bruk av nynorsk/dialekt på lufta kan vere eit føredøme for andre dialekt- og nynorskbrukarar og auke toleransen og forståinga for nynorsk hjå dei som har det som sidemål. Ronny Brede Aase tykkjest å vere ein stolt nynorskbrukar som gjerne brukar særtrekka i språket sitt, og omset til nynorsk på direkten når han får inn SMS’ar og anna på bokmål”.

-Han er ein sprek og særeigen språksjonglør. Berre arbeidsoppgåvene til Brede Aase tilseier at han brukar nynorsk på det som til no har vore utradisjonelle område, der det går raskt unna og fleire format som SMS’ar, e-post og anna skal handterast, seier juryleiar for nynorskprisen, Gry Molvær.

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar blir delt ut under Dei nynorske Festspela på Ivar Aasen-tunet i Ørsta, torsdag 25.juni. Tidlegare prisvinnarar er Linda Eide, Kjell Erik Kallset og Odd Reidar Solem. Prisen er på 50.000 kroner og eit kunstverk.

Geirmund Henjum, Nynorsk Mediesenter
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no