Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

LNK ser på arbeidsinnvandring og omdømmebygging

 (26.05.2009)

- Det er tre ulike tema på landstinget i år, men sjølv om dei kan sjå ulike ut, heng dei saman. Alt handlar om å skape vilje til å bu i ein kommune, seier Vidar Høviskeland, dagleg leiar i LNK.

27. til 29. mai skal landstinget til LNK fokusere på omdømmebygging, arbeidsinnvandring og vern kontra vekst i lokalsamfunnet.

- Første dagen skal handle om omdømmebygging, og det seier seg mest sjølv kvifor dette er så viktig for alle kommunar. Me er svært glade for at kommunalministeren vil kome til oss og fortelje om storsatsinga som departementet legg opp til når det gjeld omdømmebygging i kommunane. Elles vil me gi mange døme på korleis kommunane faktisk arbeider med dette i kvardagen.

Eit anna sentralt tema er arbeidsinnvandring. Det kan kanskje høyrast merkeleg ut, meiner Høviskeland, sidan arbeidsløysa no stig i privat sektor. Likevel trur han at rekruttering frå utlandet vil vere sentralt også i tida som kjem, kanskje særleg innafor omsorgsyrka.

- Professor Stein Ringen, ein av dei som veit mest om arbeidsmigrasjon i Europa, skal innleia. Arbeidsinnvandring handlar jo og om språkkompetanse og toleranse, dette er også tema me vil kome inn på, meiner Høviskeland.

- Fredagen skal me snakke om vern og vekst. Me vil freiste å synleggjere at både verneverdige naturområde og kuklturminne er ein ressurs som kan brukast, og me ynskjer å stille spørsmål ved om ikkje eit langstrakt land som Norge bør ha eit meir differensiert lovverk på dette området.

Pressemelding LNK
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no