Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vil ha meir nynorsk i Posten

 (27.05.2009)

Kulturdepartementet ber Samferdsledepartementet fylgje opp kravet om bruk av nynorsk i kunderetta kommunikasjon.

Bakgrunnen er eit svar Aud-Kristi Pedersen i Tromsø fekk då ho etterlyste ein nynorsk versjon av eit flytteskjema. Ho hadde vore inne på nettsida til Posten utan å finne det. I svaret frå Posten stod det at Posten «(...) er ikke pliktige til å oversette hele nettstedet til nynorsk. Det er innenfor de konsesjonspålagte produktene og tjenestene vi er pålagt å sørge for en nynorsk versjon. Vi holder oss innenfor regelen om 25 prosent». Pedersen sende i fylgje avisa Nationen
svarbervet vidare til Språkrådet og Kulturdepartementet.

Kulturdepartementet har no sendt saka vidare til Samferdsledepartementet som har ansvaret for Posten.
«Vi har i dag vore inne på nettstaden til Posten utan at vi kunne finna stoff på nynorsk. Vi gjekk ikkje gjennom heile nettstaden, men med det søket vi gjorde, kan vi i alle fall konstatera at nynorsk ikkje er lett synleg på denne nettstaden», skriv Kulturdepartementet.

Mykje talar for at Posten vil få problem med å forklare seg. I 2007 vedtok generalforsamlinga i det statlege aksjeselskapet endringar i vedtektene. Posten Noreg AS skal i all kunderetta informasjon følgje prinsippa i målbrukslova.

- Etter dei tidlegare vedtektene i selskapa skulle prinsippa i målbrukslova følgjast så langt som råd var, men med rom for å sjå bort frå dette når private konkurrentar ikkje gjorde det. Det førte til lite etterleving av prinsippa i målbrukslova. Dette er dermed no skjerpa til at prinsippa skal følgjast i all kunderetta informasjon, sa samferdselsministeren Liv Signe Navarsete.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no