Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris til Hordaland Teater

 (28.05.2009)

LNK sin Pris for offentleg målbruk 2009 gjekk til Hordaland Teater for produksjonen "Vestlandsrevyen".



Kommunal - og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa delte ut
Pris for offentleg målbruk 2009 til Hordaland Teater og Arvid Ones.
(Foto: Judith Litlehamar, Norsk Plan)

Det er Landssamanslutninga av Nynorskkommunar (LNK) som gir ut denne prisen annakvart år. Prisen kan gå til ei offentleg verksemd som har arbeidd for å fremje nynorsk språk, men den kan også gå til einskildpersonar som er markerte nynorskbrukarar i det offentlege rommet. Den første prisen vart delt ut i 1993.

- Hordaland Teater er ikkje meir enn 20 år gamalt, men har verkeleg sett spor etter seg gjennom desse to tiåra, sa Kommunal – og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa då ho delte ut prisen til Hordaland Teater.
- I 1997 fekk dåverande teatersjef Arvid Ones ein glimrande ide. Han ville vise fram den vestlandske sjela, på godt og vondt - men kanskje aller mest på løye. Gjennom skråblikk og verbale svingslag i alle retningar, gjennom tvisyn og treffsikker ironi, fekk førestillinga fram kvalitetar og haldningar hos menneske – langt ut over det vestlandske. Gjennom denne produksjonen klarte Arvid Ones og co å skape ei førestilling som gjekk for fulle hus i Bergen i 2007 og som seinare har vore på turne over store delar av landet.

- Eg er stolt og litt rørt, seier Arvid Ones og lova med det same ein oppfylgjarrevy i 2011.

Pris for offentleg målbruk vert delt ut av Landsamanslutninga av nynorskkommunar annakvart år, og består av ein sjekk på kr 50 000, og eit trykk av kunstnaren Ludvig Eikaas.

Pressemelding LNK
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no