Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Norskopplæringa for innvandrarar må styrkast

 (29.05.2009)

(Klikk på bilete for større versjon)
Regjeringa ynskjer no å innføre ein statsborgarprøve der ein må kunne skriftleg norsk. - Uavhengig om regjeringa får gjennomslag for kravet om norskkunnskap, så må det finnast eit fullgodt nynorsk alternativ for folk som skal lære seg norsk. I dag finst det ikkje eit slikt tilbod, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Nynorskkommunar har i lang tid pressa på for betre opplæringsmateriell i nynorsk for vaksne innvandrarar. Fleire har teke kontakt med Mållaget for å undersøkje om det finst slikt opplæringsmateriell, men det er lite og svært mangelfullt.

- Det betyr at dei innvandrar som buset seg i ein av dei over hundre nynorskkommunane her i landet ofte blir tvungne til å lære seg bokmål. Dette hindrar ei fullgod integrering. Det skapar problem når ein skal skaffe seg arbeid. Det skapar problem når ungane lærer seg nynorsk på skulen, noko foreldra ikkje har fått opplæring i, seier Øvregård.

- Uansett om det blir ein obligatorisk prøve eller ikkje, må det kom eit løft i arbeidet med norskopplæringa for innvandrarar. Nynorsk læremateriell må på plass, seier Øvregård.

Pressemelding Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no