Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Manar til ro

 (03.06.2009)

Varaordførar Margit Smeland (Sp) maner til ro og måtehald rundt den hissige målstriden som no raser ved Åmli skule.

– Eg synes debatten er i ferd med å gå over alle støvelskaft. Det blir for mange usaklege innlegg, seier ho til Åmliavisa og held fram:

– Vi kan oppnå å skape ein splitta skule. Eg fryktar at resultatet kan bli negativt på fleire områder.

ÅmliAvisa har dei siste vekene vore stappfull av lesarinnlegg om målforma ved Åmli skule. Debatten raser også på Facebook og andre internettsider. Det heile starta med at rektor Hege Lauvland uttalte følgjande til ÅmliAvisa 27.mars i fjor:

– Åmli skule har gjort det svakt på nasjonale prøver i lesing og det må vere lov å stille spørsmål om det kan henge saman med målforma.

Smeland, som sjølv er utdanna lærar, meiner at dette ikkje handlar om målforma i skulen, men kvaliteten på undervisninga. Politikarane vedtok nyleg ein omfattande plan for utvikling av kompetansen hjå lærarane, som blir gjennomført saman med kommunane i Austregionen.

Sjølv om Åmli skule har nynorsk som hovudmål, har 11 av 22 elevar i 8.klasse vald å få undervisning på bokmål. Tala er 16 av 25 i niande og 16 av 26 i tiande.

Åmliavisa
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no