Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ta nynorsken alvorleg, NRK!

 (04.06.2009)

- Eg er djupt skuffa over at å sjå at NRK ikkje på noko vis har nærma seg kravet om 25 prosent nynorsk i sendingane sine, seier Martin Toft, styreleiar i Kringkastingsringen.

For tredje år på rad kjem Allmennkringkastingsrapporten med kritikk av NRK for å ikkje greia krava om å nytta minst 25 prosent nynorsk og dialekt. "Vi må bare skjerpe oss. Det finnes ingen grunn til at vi ikke skal være bedre på nynorsk," sa kommunikasjonssjef i NRK, Sigurd Sandvin, til NTB i mai i fjor då Allmennkringkastingsrapporten for 2007 vart lagt fram.

- Når vi ikkje ser noka skjerping, men faktisk ein nedgang i bruken av nynorsk og dialekt, syner det at det ikkje held med gode ønskje, meiner Toft. Han krev at NRK lagar ein tiltaksplan for korleis dei skal greia å koma opp på 25 prosent nynorsk innan 2012.

Brei kritikk
Kravet om kor mykje nynorsk NRK skal nytta, er mellom anna slått fast i Allmennkringkastingsrapporten. Medietilsynet er ikkje dei einaste har kritisert målbruken i NRK. I stortingsmeldinga "Mål og meining", som vart vedteken av Stortinget i april, får NRK òg kritikk.

- Eg forventar at kulturminister Trond Giske vil nytta eigarmakta si og krevja at NRK legg fram ein konkret tiltaksplan. Det har han høve til allereie 10. juni, når NRK skal halda generalforsamling og allmennkringkastingsplakaten står på saklista.

Positive unnatak
Biletet er ikkje heilsvart, meiner han likevel.
- Når det gjeld barnekanalen NRK Super, har vi hatt ein svært god dialog med leiinga for kanalen om å ta i bruk meir nynorsk og dialekt, og vi veit at dei har sett i verk fleire gode tiltak. Dersom resten av NRK hadde teke nynorsk like alvorleg, hadde dei ikkje hamna i den stoda dei er i idag.

Pressemelding Kringkastingsringen
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no