Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

LNK satsar på nynorsk nettavis

 (08.06.2009)

Vidar Høviskeland, LNK
Saman med ABC-Startsiden, Nasjonalt Garborgsenter, Magasinett og Pirion set Landssamanslutninga av nynorskkommunar no i verk satsinga "Ung til sinns - på nett".

LNK-nytt melder at ungdom vil bli ei særleg målgruppe for den nye nettavisa, og at stoffområda kultur og distrikt vil stå sentralt. Det har lenge vore eit problem at det har vore eit for dårleg nynorsktilbod for unge på internett, noko initiativtakarane no ynskljer å bøte på. Det var dei positive signala desse institusjonane fekk i eit møte med Kulturdepartementet 14. juni som blei startskotet for satsinga.

Ti ulike aviser er med på å levere dei regionale nyhenda, og kan slik vere med på å nå ungdomen gjennom ein nettstad retta særskild mot denne gruppa. Kulturtilbod som konsertar, festivalar og underhaldning i ulike media er døme på kva ungdomen kan vente seg i den nye nettavisa. Prosjektet har ei ramme på 1,2 millionar kroner fyrste år og tek sikte på statleg tilskot i oppstartsfasen, men planleggjer å gå i null frå fjerde driftsår.

LNK blir arbeidsgjevar for den nye redaksjonen, som kjem til å vere på 1,5 stilling i tillegg til innkjøpt stoff frå ulike samarbeidspartnarar.

Jens Kihl
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no