Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vil ha politiske romanar

 (10.06.2009)

Garborgsenteret og Samlaget inviterer no til ei romantevling i ånda til Arne Garborg. Gulrota er 100 000 i premie. Haken er at romanen må vere politisk.

Innleveringsfristen er fyrst neste år og vinnaren blir ikkje kåra før opninga av Garborgsenteret i 2011. Draumen er sjølvsagt at tevlinga skal få fram ein like skarp penn som det Arne Garborg hadde, ein penn som kunne ryste opp i den politiske kvardagen. Samstundes er ein som alltid glad i å understreka at Garborg hadde ei sterk interesse av det som hende ut i Europa. Politisk kan likevel vere så mykje.

- Det viktigaste er at det blir ei god bok, seier David Aasen i Det Norske Samlaget. - Me ynskjer berre at ho skal ha ein politisk snert.

- Men er ikkje alt politikk?
- Det kan du sjølvsagt seie. Sjølv bøker om ein kjernefamilie vil ha eit politisk innhald ein stad. Denne tevlinga er eit forsøk på å motivere forfattarane til å leggje litt meir vekt på det enn vanleg. Du kan seie at me trykkjer på ein knapp og så ser me kva som hender.

- Det er ikkje meir enn tre år sidan Gyldendal lyste ut ei liknande tevling. Er norske forlag frustrerte over manglande politisk engasjement hjå norske forfattarar?
- Det er vel både òg. Det kjem jo ut romanar med jamne mellomrom som har eit samfunnskritisk blikk. Denne tevlinga er vel så mykje eit forsøk på å dyrke den tradisjonen som Arne Garborg representerer, og særleg hans hang til å sjå til Europa. Det hadde ikkje vore meg i mot om det kom inn nokre manus som såg nærare på kva tilhøve Noreg har til resten av verda.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no