Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris til Lomheim

 (15.06.2009)

Dirketør Sylfest Lomheim i Språkrådet har fått målprisen av Luster Mållag.

Lomheim fekk prisen under Lustradagane, men kunne ikkje vere til stades. Han vil få den fysiske prisen ved eit seinare høve.

I grunngjevinga som leiaren i Luster Mållag, Oddmund L. Hoel las opp, heiter det:

”Sylfest Lomheim er ei markert og velkjend røyst i kultur-Noreg. Sidan 2003 har han hatt den viktigaste språkstillinga i landet, som direktør for det opprusta Språkrådet. Frå denne posisjonen har han vore med og lagt grunnen for ein offentleg språkpolitikk som i sterkare grad tek situasjonen til nynorsk på alvor.

Lenge før han vart språkdirektør var Lomheim eit velkjent namn i norsk ålmente. Han har gjennom fleire tiår vore ein av dei viktigaste popularisatorane og formidlarane av norsk språkvitskap. I Språkteigen på NRK radio har han vore sentral sidan 1991, og han medverka i den populære fjernsynsserien Typisk norsk på NRK. Den humoristiske og uhøgtidelege forma har òg gjort han til ein mykje brukt språkekspert og kommentator i alle typar media og ein omtykt føredragshaldar. Det skal heller ikkje gløymast at Lomheim skreiv seg inn i norsk språkhistorie ved å vera den fyrste som brukte nynorsk i Sportsrevyen, i 1969-70.

Trass i at det er meir enn 40 år sidan Lomheim forlet Hafslo og Sogn, har det aldri vore tvil om kvar han kjem ifrå. Attåt det store arbeidet for nynorsken, og for norsk språk i det heile, har språkkjendisen Lomheim òg vore ein framifrå ambassadør for sognamålet, for heimbygda og for Luster.”

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no