Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Røysta ned sidemålskutt

 (17.06.2009)

Stortinget har røysta ned eit eit framlegg frå Framstegspartiet om å kutte ut den obligatoriske sidemålsopplæringa.

Det var Anders Anundsen og Jon Jæger Gåsvatn, to av dei tre Frp-representantane i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, som fremja saka tidleg i mai. Dette er langt frå fyrste gongen Framstegspartiet kjem med dette framlegget, utan at det har fått fleirtal i korkje komiteen eller på Stortinget i plenum. Saka blei handsama i komiteen 28. mai, 102 år og fire dagar etter at Stortinget fyrste gong vedtok å innføre skriftleg sidemål for alle. Til grunn for vedtaksframlegget ligg eit lengre representantframlegg, og den fullstendige vedtaksteksten frå representane lyder slik:

  • Stortinget bed Regjeringa leggje fram naudsynte lovendringar for å gjere skriftleg undervisning og eksamen i sidemål valfri for heile grunnopplæringa.

Du kan lese meir om saksgongen på heimesidene til Stortinget. Framlegget blei røysta ned av alle partia med unnatak av Høgre og Framstegspartiet.

Jens Kihl
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no