Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Boknatt og bokdagar i Fjærland

 (17.06.2009)

Kva interesserer forfattarar seg for når dei ikkje skriv dikt eller forteljingar? Dette spørsmålet stiller Bokbyen i Fjærland når dei no dreg i gong boknatti og bokdagane denne helga.

Ragnar Hovland har teke med seg Dr. Munks popleksikon og utfordrar publikum til popkviss. Lurer du på kvifor Einar Økland smlar på bokillustrasjonar, reklame og karikaturteikningar, postkort og målebøker for born? Kanskje får du svaret når forfattar og journalist Agnes Ravatn intervjuar han om spørsmålet. Og før helga er over har ho òg intervjua Ragnar Hovland og blitt intervjua av same mann. I tillegg vil mange andre lokale og nasjonale storleikar bidra til tilskipinga. Program og informasjon om bokutsala finn du hjå Den norske bokbyen i Fjærland.

Jens Kihl
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no