Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vinjefondet lagt til Aasen-tunet

 (22.06.2009)

Foto: Anders Aanes / Nynorsk kultursentrum 2008
(NPK): Nynorsk kultursentrum i Hovdebygda på Sunnmøre får oppgåva med å forvalta det nyoppretta Vinjefondet. Det har Kultur- og kyrkjedepartementet bestemt. Fondet er oppretta for å styrkja nynorsk i media.

– Å plassere denne oppgåva ved Nynorsk Kultursentrum er ei fornuftig avgjerd, seier leiaren i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård i ein kommentar.
– Det er veldig kjekt for oss at departementet vil gje oss denne oppgåva. Vi ser på dette som ei tillitserklæring til Ivar Aasen-tunet, samtidig er det eit stort ansvar å forvalta offentlege pengar. Det stiller også krav til oss om at vi må vera på nivå med det som skjer med nynorsk i media i Noreg, seier Ottar Grepstad, direktør ved Aasen-tunet til Nynorsk Pressekontor.
Han legg til at Aasen-tunet alt har mykje kunnskap om dette, men meiner oppgåva med å forvalta Vinjefondet vil styrkja det faglege miljøet ved Aasen-tunet ytterlegare.

– Viktig fond
Vinjefondet er oppretta av Stortinget. Målet med fondet er å styrkja nynorsk journalistikk og anna publisistisk verksemd på nynorsk. Grepstad har stor tru på Vinjefondet.
– Det er veldig viktig for å styrkja nynorsk i aviser, radio og fjernsyn, seier han.

Ein halv million i 2009
I statsbudsjettet for 2009 er det sett av 0,5 millionar kroner til formålet. Grepstad seier at denne summen skal disponerast i år, men førebels finst det ingen retningslinjer for korleis pengane skal brukast. Kulturdepartementet har bede Nynorsk kultursentrum utarbeida forslag til dette.
– Før vi gjer dette trur eg det er ein god ide å henta inn informasjon frå folk og miljø som veit kor skoen trykkjer, seier Grepstad.
For at fondet kan koma flest mogleg til gode meiner, meiner han at det må vera eit mål å auka avkastninga av fondet
– Samtidig veit vi at nynorskmiljø er flinke til å få mykje ut av lite, seier Ottar Grepstad.

– Fornuftig
Noregs Mållag er svært tilfredse med at departementet no har sett ballen i spel, og at Vinjefondet er ein realitet.
– Vi synest det er veldig bra at arbeidet er sett i gang, og at departementet har fatta ei fornuftig avgjerd når dei har lagt forvaltinga av fondet til Aasentunet, seier leiaren i Mållaget, Håvard B. Øvregård i ein kommentar til Nynorsk Pressekontor.
– Har det vore nokon problemstilling for Mållaget å etablere forvaltinga av Vinjefondet andre stader.
– Eg ser ikkje for meg nokon andre alternativ som er betre, seier Øvregård.
– Det som er viktig no er å få på plass målsetjing og rammer. Dernest må det innhentast informasjon og kunnskap om situasjonen i den nynorske presseverda og kvar behovet er størst.


Foto: Anders Aanes / Nynorsk kultursentrum 2008

NPK
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no