Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Etterlyser nynorskmateriell

 (23.06.2009)

Rektor Nils Bjarne Vold ved Nesflaten skule i Suldal reagerer sterkt på at Stortinget sender ut undervisningsmateriell som berre er å få på bokmål.

Alle skulane i landet har fått tilbod om å kjøpe undervisningsmateriell om valet til hausten. Materiellet er produsert av Avis i skolen i samarbeid med informasjonsavdelinga på Stortinget og har 75 prosent bokmålstekstar og 25 prosent bokmålstekstar.

– Dette føyer seg inn i rekkja av mange døme der det ikkje blir laga nynorskversjonar som me kan nytte i undervisninga, seier rektor Nils Bjarne Vold ved Nesflaten skule til Haugesunds Avis.
– Det handlar om rettar og demokratiske prinsipp. Eg vil seie at dette er eit brot på opplæringslova, seier Vold.

Lærar Wenche Haugen Havrevoll ved Nesflaten skule minner om at nynorsk er eit offisielt språk, og meiner at slikt materiell må kome i ein nynorskversjon og ein bokmålsversjon.

– Stortinget kan ikkje gøyme seg bak ein regel om 25 prosent nynorsk. Den gjeld berre for NRK. Me kan ikkje drive god opplæring om elevane ikkje har materiell på sitt eige hovudmål, seier Havrevoll til avisa.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no