Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk nesten fråverande i barnelitteraturen

 (24.06.2009)

Barnebøker på nynorsk finst nesten ikkje, det gjeld for både norske og omsette bøker. Kvifor er det slik? Dette spørsmålet blir sett under debatt under Dei nynorske Festspela i Ivar Aasen-tunet i Ørsta, torsdag 25.juni.

Utgangspunktet for debatten er ei ytring i Bergens Tidende i april i år, der skribenten og omsetjaren Liv Hatle mellom anna gjekk til åtak mot flaumen av bokmåls-omsett, engelskspråkleg barnelitteratur. Forlaga ser ut til å sky nynorskbøker for born som pesten.

Dei som skal drøfte den elendige stoda for nynorsk barnelitteratur er forutan Liv Hatle, leiar i Noregs Mållag, Håvard Øvregård, forfattar Hans Sande og informasjonssjef Hans Bruset i Gyldendal Norsk forlag.

-Eg har knegått Sandvik forlag om å stille, seier Gry Molvær, som saman med ordstyrar og NRK-kollega Kari Sørbø (biletet) har sett saman panelet. Det er Sandvik forlag som gjev ut ”Go’boken”, som er mange ungar sitt første møte med barneboka. –Men Sandvik forlag ynskjer ikkje å stille i debatten og dei svara at dei ikkje er så opptekne av språket i bøkene sine. Vi veit og at forfattaren Hans Sande må omsetje til bokmål når han omset barnebøker for Sandvik forlag, seier Gry Molvær.

Nynorsk mediesenter er ansvarleg for debatten, som skjer i samband med utdeling av Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar for 2009. Prisen blir delt ut for fjerde gong og går i år til NRK-medarbeidaren Ronny Brede Aase i P3.

Pressemelding Nynorsk mediesenter
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no