Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Kyrkja må ta nynorsk på alvor

 (04.08.2009)

Kyrkjerådet har i desse dagar sendt ut valkort og informasjon om kyrkjevalet i september. Informasjonsbrosjyren er berre produsert på bokmål, trass i at ein tredel av kyrkjelydane nyttar nynorsk.

- Dette finst det inga orsaking for. Kyrkjerådet skal greie å sende ut informasjon om kyrkjevalet på nynorsk. Det er mogleg å skulde på tidspress og økonomi i visse situasjonar. Men eit kyrkjeval som ein har visst om i mange år, er ikkje ein slik situasjon. For oss er dette eit signal om at Kyrkjerådet manglar medvit om sitt språklege ansvar, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Tre millionar eksemplar
Kyrkjerådet har produsert tilfang som ligg til nedlasting på heimesidene deira, og desse finst både i nynorskversjon og bokmålsversjon. Det gjeld både plakatar, lysingar og ferdigskrivne intervju. Dette er likevel ikkje godt nok, meiner Øvregård.
- Dette er materiell som berre eit fåtal vil sjå. Brosjyren er derimot blitt sendt ut til meir enn tre millionar medlemer i Den Norske Kyrkja. Det er denne det er mest truleg at folk vil lese.

Merkelege vurderingar
Øvregård meiner at brosjyren berre føyer seg inn i ei rekkje merkelege vurderingar frå Kyrkjerådet. Det er om lag ein tredel av kyrkjelydane som nyttar nynorsk, og likevel er nynorsk ofte den tapande part.
- Me såg det same då dei kom med framlegg til ny liturgi i fjor. Nynorskversjonen var tydeleg eit hastverksarbeid. På same måten inneheld framlegget til ny salmebok færre nynorsksalmar enn den førre. Og om ein går på heimesida til Kyrkja, er det ikkje mykje nynorsk å finne der heller. No er det på tide at kyrkja vaknar og tek medlemene på alvor. Vi vil be Kyrkjerådet om å få sjå kva planar dei har for å sikre nynorsk i kyrkja. Ei bokmålskyrkje er ikkje ei folkekyrkje, seier Øvregård.

Noregs Mållag har i dag sendt brev til både Språkrådet og Kyrkje- og kulturdepartementet for å be dei rettleie Den Norske Kyrkja i korleis dei skal forstå mållova. I dag gjev det språklege medvitet hjå Kyrkjerådet for få synlege resultat.

Pressemelding Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no