Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Aasen 196 år

 (05.08.2009)

5. august 1813 vart språkforskaren, språkgrunnleggjaren og diktaren Ivar Aasen fødd på garden Åsen i Ørsta. Han endra framtida for dei som levde i Noreg på 1800-talet, og gav alle som lever i Noreg i dag, ein kulturtradisjon som er blitt sjølvsagd.

Fram til 1814 var Noreg og Danmark i union i over 400 år. I løpet av denne tida byrja den norske eliten å henta dei språklege og kulturelle førebileta frå København, og det fekk den følgja at dansk tok over for norrønt som skriftmål i Noreg. Fyrst på 1800-talet tok fleire og fleire nordmenn til å sjå det som eit problem at Noreg ikkje hadde eit eige skriftmål. Nordmennene skipa sin eigen stat i 1814, men mangla eit eige språk, som vart halde for å vera det fremste kjennemerket på ein nasjon. Språkordskiftet tok for alvor laus i 1830-åra då diktaren Henrik Wergeland byrja arbeidet og agitasjonen sin for å gjera det danske skriftmålet norskare ved å ta inn norske ord. Dette ordskiftet fekk den 22-årige Aasen til å setja opp sin eigen plan for reisinga av eit norsk skriftmål i "Om vort Skriftsprog" i 1836 (publisert 1909).

Aasens løysing
Ivar Aasen avviste oppnorskingstanken alt i 1836 og meinte det måtte lagast eit nytt skriftmål på grunnlag av målføra. Språkproblemet kunne berre løysast ved at det norske folkemålet kom til sin fulle rett. Det framande danske skriftmålet gjorde det vanskeleg for vanlege folk å lesa og skriva. Skulle folkestyretanken i 1814-grunnlova bli noko meir enn fine ord på papiret, måtte ein få eit skriftmål som sette folket i stand til å vera med i samfunnslivet. Heile livet tykte Aasen det var ille at eliten såg ned på folkemålet og bondekulturen, og han ville at målreisinga skulle auka den språklege og kulturelle sjølvtilliten i allmugen.

Slik gjekk nasjonale, sosiale og demokratiske omsyn saman for Aasen. Det å skapa eit nytt norsk skriftmål vart del av ei større kulturreising der ein ny høgkultur skulle byggjast på ein norskare og meir folkeleg grunn.

Teksten henta frå: Ivar Aasen (cd-rom, Det Norske Samlaget, Oslo 1997)

Les meir hjå Nynorsk Kultursentrum eller Allkunne

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no