Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Frp til Det Norske Teatret

 (10.08.2009)

Framstegspartiet si valvake skal vere hjå Det Norsk Teatret i Oslo.

Kommunikasjonssjef Fredrik Färber i Frp stadfestar i fylgje Nettavisen at deira valvake 14. september skal vere i Det Norsk Teatret.

- Eit lurt val, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

- Dei har blitt kritisert for å vere mot både kultur og nynorsk, så her slår dei to fluger i eit smekk. Dei har hatt ein litt treg start andsynes oss nynorskfolk, men eg trur me står nærare kvarandre om fire år, seier Øvregård til Nettavisen.

Han trur ikkje det slump at Frp legg opp til denne flørten.

- Frp gjer ikkje noko på slump. Eg ser det som eit positivt signal for framtida. Frp legg veldig vekt på å vere eit folkeleg parti, og nynorsk er det mest folkeleg språket, seier Øvregård.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no