Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ber om orsaking

 (26.08.2009)

Norsk Målungdom krev orsaking frå Unge Høgre etter ein påstand om at nynorsk høyrer heime i fjøset.

- "Nynorsken skal tilbake i fjøset der den hører hjemme", sa Unge Høgres Amara Butt i ein skuledebatt ved Nes videregående skole i Akershus tysdag føremiddag. Norsk Målungdom meiner at Unge Høgre gjer alt anna enn å framstå som seriøse valkampaktørar når dei år etter år serverer usaklege utspel om sidemålsordninga.

- "I dagens Norge er kunnskap nøkkelen til suksess", skriv Unge Høgre på nettsidene sine. Likevel manglar dei elementær kunnskap om at nynorsk og sidemål er to ulike ting, seier leiar i Norsk Målungdom, Maria Svendsen.

- Ekstra oppsiktsvekkjande er det at Unge Høgre i utdaningsprogrammet «Lovende fremtid» legg vekt på respekt for sidemålet. Står Unge Høgre inne for politikken dei har vedteke, eller kan ein leggja vekk respekten for sidemålet så snart det er valdebatt? seier leiaren.

- På vegner av 600.000 nynorskbrukarar krev me ei orsakinga, seier ho.

Pressemedling NMU
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no