Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny nynorskklasse i Bergen

 (26.08.2009)

I haust starta det opp ein nynorsklasse ved Minde skole i Bergen, den andre i byen. Det er skulemålsskrivar Ingar Arnøy glad for. - Foreldra forstår at dersom ungane skal ha sjanse til å bli reelt tospråklege, må dei lære nynorsk frå 1. klasse.

Nynorskklassen blir presentert i ei større sak i Bergens Tidende. Skulemålsskrivar i Noregs Mållag, Ingar Arnøy, meiner at dette er eit teikn på ein større aksept for Noreg som eit tospråkleg samfunn.

– Negative haldningar blir sjeldan artikulerte lenger, og i Stortinget er det brei politisk semje om å bevare Noreg som ein tospråkleg stat. Foreldre snur seg rundt, fordi dei forstår at dersom ungane skal ha sjanse til å bli reelt tospråklege, må dei lære nynorsk frå 1. klasse, seier han til avisa.

Tidlegare meinte mållaget at språket på skulen la premissar for språket utanfor.

– I dag erkjenner vi at det er vel så mykje omvendt. Derfor må vi arbeide på brei basis – i organisasjonar, næringsliv og det som er vårt nyaste og absolutt viktigaste arbeidsområde: Barnehagen, seier Arnøy, til avisa.
– Alle kommunar legg vekt på at språkopplæring er viktig i barnehagen. Dersom barn blir kjende med nynorsken gjennom leik, høgtlesing og song, er eg sikker på at det ville bli mykje lettare for dei å velje nynorsk seinare i livet.

Les meir om nynorskklassar her

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no