Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Manglar språkpolitikk

 (27.08.2009)

– Partia manglar politikk for fleire av dei viktigaste språkspørsmåla i samtida og er ikkje a jour med den språkfaglege debatten, hevdar direktør Ottar Grepstad ved Ivar Aasen-tunet.

Han har samla alt partia har sagt om språkpolitikk i valprogramma sine like frå 1906 til i dag. Resultatet er publisert i skriftet ”På parti med språket?”

Lite frå Stortinget
Etter gjennomgangen av valprogramma i 2009 konkluderer Grepstad likevel med at Senterpartiet, Raudt og Sosialistisk Venstreparti kjem godt ut, og at Venstre og Kristeleg Folkeparti held stø kurs. Høgre skiftar mellom sine verdikonservative og meir liberalistiske tendensar, skriv Grepstad, som meiner at dei språk- og kulturpolitiske brytingane i Fremskrittspartiet enno ikkje kome opp til overflata.

– Ingen parti har produsert meir språkpolitikk enn Arbeidarpartiet dei siste fire åra, men ingen går til val med færre linjer om språkpolitikk i partiprogrammet sitt enn Arbeidarpartiet, skriv Grepstad og er forundra over at partiprogramma inneheld så lite av det partia har sagt om språkpolitikk i Stortinget.

Meiner lite om viktige ting
Grepstad set pris på at partia legg vekt på vilkåra for samisk og om språksituasjonen for etniske minoritetar. Resten er det verre med, meiner han. Om nynorsk seier partia helst det dei har sagt før, og om bokmål meiner dei knapt noko, hevdar han.

– Presset frå engelsk blir diskutert i mange land, men ingen av partia seier dei vil gjere noko med dette på Stortinget dei neste fire åra, seier Grepstad.

Følgjer dårleg med
Direktøren ved Ivar Aasen-tunet meiner partia ikkje er à jour med den språkfaglege debatten, og hevdar at slik har det vore lenge. – Når saka er helse, forsvar, vegar, skule, skatt, er det ikkje måte på kor oppdaterte partia er om dei nyaste utgreiingane og forskingsrapportane. Slik er det ikkje når partia skal meine noko om språkpolitikk, seier Grepstad.

Her finn du skfriftet ”På parti med språket”.

Nynorsk Kultursentrum
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no