Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Frp vil ha vekk sidemålet

 (31.08.2009)

Framstegspartiet vil fjerne obligatorisk eksamen og undervisning i sidemål.

Framstegspartiet har kome med sitt 100-dagarsprogram, som er eit oversyn over kva saker parti meiner det er naudsynt å ta tak i fyrst om dei skulle kome til makta. Under punktet om barn og unge, finn ein ein lovnad om partiet skal fremje eit forslag om å fjerne obligatorisk eksamen og undervisning i sidemål. I staden vil dei gjere sidemålsundervisninga valfri.

- Det er for å styrke både nynorsk og bokmål. I dag er det forstyrrande når du har obligatorisk skriftleg eksamen i sidemålet ditt òg, seier Per Sandberg frå Frp til NRK.

Framlegget vil innebere at dei som bur i nynorskkommunar berre vil få opplæring i nynorsk, og tilsvarande for dei som bur i bokmålskommunar.

Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, har ikkje noko tru på framlegget.

- Dei tenkjer ikkje på at dei som bur i nynorskområde som ikkje vil få lære skriftleg bokmål vil få store problem. Denne politikken kan ikkje gjennomførast, for den er for dum, seier Øvregård til NRK.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no