Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Litteratursprell i Aurland

 (02.09.2009)

Linda Eide stiller igjen i grilldress, og Flåm sin store son møter ei folkrockgruppe frå Lom. Nynorske Litteraturdagar i Aurland er klare for nye sprell!

Oddvar Torsheim og NRK-journalisten Birger Meland vil vere med på å gjere Aurlandsbygda utrygg. (Foto: Fjordenes Tidende)


Arrangementet går av stabelen 30.oktober – 1.november og programmet ligg no klart. I år er det ei unik blanding av solide forfattarar, aktuelle tema og kvalitetsmusikk på dialekt på menyen.

Multikunstnaren Oddvar Torsheim og NRK-journalisten Birger Meland vil vere med på å gjere Aurlandsbygda utrygg. Linda Eide stiller igjen i grilldress, og Olav Stedje pakkar med seg gitaren og tek turen til Aurland. Tove Bakke som har hatt stor suksess med omsetjing av den franske forfattaren Anna Gavalda til nynorsk, det gjer også forfattarane Arnfinn Nordbø og Marit Eikemo. Hallingen Hallgrim Berg set fokus på to gode her i livet, rakafisk og humor, og Bergen Mandolinband lover god stemning!

Seminar om lokalhistorie
Under litteraturdagane byr vi også på Fjordaquiz, lyrikk, stand-up og ikkje minst miniseminar om det høgaktuelle temaet lokalhistorie og slektsforskning. Her vil ulike føredragshaldarar gi oss kunnskap om kva arbeid som føregår på desse områda. Borna får også sitt med Geirr Lystrup sitt populære barnearrangement, og teikneserieverkstad med teikneserieskapar Øystein Runde.

Storkonsert i Aurlandshallen
Nynorske Litteraturdagar vert avslutta med storkonsert i Aurlandshallen. Her vil Flåm sin store son, Finn Tokvam, få sitt livs møte med folkrockgruppa Lomsk frå Lom.

Sjå det fullstendige programmet på www.nynorskelitteraturdagar.no

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no