Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

700 000 kroner til Diktarvegen

 (09.09.2009)

Regjeringa gir 700 000 kroner til prosjektet ”Diktarvegen – riksveg 13 frå Jæren til Sunnfjord”.

(Ill.: Wikipedia)
Prosjektet skal etablera eit felles litteratur- og kulturnettverk, og medverka til marknadsføring av regionen.

- Det er gledeleg at så mange kommunar går saman om å satsa på omdømmebygging med utgangspunkt i den litterære arven i regionen, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Prosjekteigar er Landssamanslutninga av nynorskkommunar og i søknaden skreiv dei at "målet for dei organisasjonane/ litteraturselskapa som er med i prosjektet er å realisera den kulturkapitalen som ligg i at fem av dei mest markante forfattarane i Noreg gjennom tidene var heimehøyrande i regionane Sunnfjord, Sogn, Hardanger/Voss, Ryfylke og Jæren."

- Eit mål med denne satsinga er å få unge til å etablera seg i Distrikts-Noreg. Derfor vil eg oppfordra prosjekteigarane i Diktarvegen til å involvera dei unge som ei sentral målgruppe. Eg har store forventningar til eit prosjekt som skal løfta fram både Per Sivle, Jakob Sande, Olav H. Hauge, Rasmus Løland og Arne Garborg, seier Kleppa.

- Dette viser at me har ei politisk leiing i Kommunal - og regionaldepartementet som vågar å tenkje nytt når det gjeld både kultur og næringsutvikling, seier dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland til LNK Nytt. Han meiner at støtta i prksis betyr at prosjektet kan setjast i gang.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no