Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

NRK vil satse på språk

 (14.09.2009)

Kringkastingssjef Hans -Tore Bjerkaas i NRK vil tilsetje fleire nynorskjournalistar og setje språk på dagsorden.

- Vi må og våge å tilsetje fleire nynorskjournalistar i bokmålsområde. I tillegg må språk generelt få høgare status i redaksjonane, vi må få til meir språkdiskusjonar og evalueringar. Vi må alltid ha gode språkbrukarar i journalistikken, sa kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas. Han sa og at arbeidet som blir lagt ned i NRK Nynorsk mediesenter og NRK FleRe skal bli "tatt meir vare på systematisk" av NRK-leiinga i framtida.

NRK gjennomførte i forkant av seminaret ei kartlegging blant sine nynorsbrukande journalistar. Den viser blant anna at 59 prosent av deispurde opplever positive haldningar til nynorsk frå sine leiarar. 15 prosent av dei spurde brukar alltid nynorsk i arbeidet sitt. I følgje kartlegginga er det også ein større del kvinner enn menn som fast brukar nynorsk som sitt arbeidspråk.

Les meir hjå Nynorsk Mediesenter og LNK Nytt

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no