Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Stabil språkpolitikk

 (15.09.2009)

- Også i det nye Stortinget vil det vere eit breitt fleirtal for å føre ein stabil språkpolitikk, men det kan bli færre nynorskbrukarar blant stortingsrepresentantane enn på 80 år. Slik kommenterer direktør Ottar Grepstad i Ivar Aasen-tunet stortingsvalet.

Av dei partia som tradisjonelt har samla mange nynorskrøyster, er det berre Senterpartiet som har gjort eit godt val. Tilbakegangen for Venstre, KrF og SV er med og gir færre nynorske stortingsrepresentantar. I det Stortinget som no takkar av, brukte 22 av 169 representantar nynorsk. No ser det ut til at det blir færre nynorskbrukande stortingsrepresentantar i det nye Stortinget. Ikkje sidan 1920-åra har Stortinget hatt færre nynorskrøyster.

- Det er viktig at mange i Stortinget bruker nynorsk, og profilerte nynorskbrukarar vil finnast i alle partigruppene. No gjeld det at eit breitt fleirtal fører ein politikk som gjer det lettare å vere nynorskbrukar. Vi må kunne vente at ein slik politikk er sikra dei neste fire åra, men ambisjonane må bli større, seier Grepstad.

Språkåret 2013
Regjeringa Stoltenberg hadde fleire nynorskbrukande statsrådar i åra 2005-2009 enn det som har vore vanleg. - Det har vist att i regjeringa sin språkpolitikk, og vi vonar denne gode tendensen held fram. Direktøren i Ivar Aasen-tunet minner om at ei av dei sakene det nye Stortinget får på bordet, er Ivar Aasens 200-årsjubileum og hundreårsjubileet for Det Norske Teatret i 2013.

- Vi vil gjere desse jubilea til Språkåret 2013 og set oss som mål at alle nordmenn skal vere stolte over det språklege mangfaldet i Noreg, seier Grepstad, som ser fram til å presentere ideen for det nye Stortinget.

Ventar på statsbudsjettet
Nynorskmiljøet samarbeider tett gjennom Nynorsk Forum, og fremja i sommar sine prioriteringar til statsbudsjettet 2010. Ottar Grepstad reknar med at nynorskmiljøet får møte dei folkevalde alt i oktober.

Pressemelding Nynorsk Kultursentrum
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no