Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Skald heidrar Slettemark

 (16.09.2009)

Haustlista frå Skald innheld ei svær fotobok om Kjartan Slettemark.

Oppslag frå boka. (Foto: Skald forlag)

Kunstnaren Kjartan Slettemark (1932–2008) døydde i fjor og får såleis ikkje oppleva den frodige fotoboka som han sjølv var med på å planleggja: «Kjartan Slettemark – kunsten å falle». Bileta er tekne av hans gode ven, fotografen Brita Olsson. Ho følgjer sunnfjordingen frå han gjorde svenske av seg på seksti-talet og heilt fram til 2008. Dette har resultert i eit fotodokumentarisk praktverk basert på Olssons omfattande bildemateriale. Idun A. Husabø har sett tekst til bildeforteljinga, og Susanna Slöör har skrive ein grundig kunsthistorisk artikkel.

– Kjartan hadde to ynskje for boka: Ho skulle ha blinkande lys i ryggen, og ho skulle eksplodera om ho ikkje vart opna på tre veker. Desse ynskja har vi ikkje klart å innfri, men elles trur eg vi har laga ei bok i hans ånd, fortel forleggjar Lars Nes.

Fortset barneboksatsinga
I haust kjem endeleg oppfølgjaren til suksessen og prisvinnaren «Godnattboka – nynorske forteljingar». «Eventyrboka» innheld 19 nyskrivne eventyr og Gunvor Rasmussen sine leikne og morosame teikningar.

– Vi har utfordra forfattarane til å skriva innanfor eventyrsjangeren, og boka dreg oss med inn i ei fantasifull eventyrverd full av humor og spenning, seier barnebokredaktør Simone Stibbe.

Den andre barneboka på haustlista er «Torbjørn Isbjørn» skriven av Titus Kodzoman og nydeleg illustrert av Anne Angelshaug. Boka fortel om den vesle isbjørnen Torbjørn som kjenner at han ikkje er heilt som andre isbjørnar.

– Boka handlar om å føla seg annleis, å ikkje passa heilt inn, sjølv om alt tyder på at ein er akkurat som alle dei andre. Dette er nok noko som alle barn opplever av og til. Det fine med boka er at Titus klarar å formidla dette gjennom ei humoristisk forteljing med mange merkverdige situasjonar, fortel Stibbe.

For songfuglane
Olav Stedje er kjend for dei fleste, det same er songane hans. Etter nesten 30 år som aktiv artist er det på høg tid å heidra sogndølen med songboka «Syng meg heim». 50 songar med notar, besifring og morsomme illustrasjonar av Janne Nes syter for at fansen no har ei flott bok å bruka til pianoet og gitaren. Den folkekjære artisten fortset turnèlivet i haust, og songane er framleis gjengangarar på radioen.
Det blir meir songglede nærare jul då det fyrste nynorske julesongheftet på svært mange år kjem ut. Eit slikt hefte som «Julesongar» har vore mangelvare i bokhandelen, og det var mor til redaktør Brit Aksnes som gav forlaget ideen.

– Kva elles kan ein gjera av meiningsfylt arbeid her i livet anna enn å gleda si kjære mor? Eg er òg oppvaksen med dei nynorske versjonane av julesongane og vil gjerne sjå dei bli tekne vare på i framtida, seier Aksnes.

På reisefot til varmare strok
Boka «Costa Blanca – 53 opplevelser» er oppfølgjaren til bestseljaren «Gran Canaria – 53 opplevelser», og konseptet er det same: å finna opplevingar litt utanfor dei mest kjende og tradisjonelle turistrutene. På Costa Blanca er det mykje å ta av, levande fortalt av Jon Henriksen og nydeleg fotografert av Lorraine Thompson.

Lokalt
På vestlandsforlaget si haustliste finn vi vidare praktboka «Levd liv» som fortel historia til sogningane. Entusiasten G.F. Heiberg etablerte De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum for 100 år sidan og har såleis teke vare på fortida, slik at vi kan ta den med oss inn i framtida.

Til slutt på lista finn vi «Langs veglause strender» av Arne Inge Sæbø. Boka vert gitt ut i samarbeid med Vik lokalhistoriske arkiv og omhandlar eit område langs sørsida av Sognefjorden i Vik og Høyanger kommunar.

Pressemelding Skald
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no