Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Riksmålsforbundet til haustseminaret

 (17.09.2009)

Det er ikkje utan historisk sus når Mållaget no inviterer Riksmålsforbundet til haustseminaret.

Jon Olav Askedal skal innleie på seminaret.
Både i Soria Moria-erklæringa og i Stortingsmeldinga "Mål og meining" slår regjeringa fast at Noreg skal vera eit tospråkleg samfunn. Det å vera norsk skal vera å vera tospråkleg, det vil seia meistra både nynorsk og bokmål.

Samarbeid?
I teorien betyr det at Noregs Mållag og Riksmålsforbundet burde kunne samarbeide meir enn kva ein har gjort tidlegare. Eit dagsaktuelt døme er at både Mållaget og Riksmålsforbundet har uttalt seg kritisk til ei full opning av dialektbruk i NRK. Er det mogleg med meir samarbeid, eller er dei to organisasjonane mest usamde? John Ole Askedal, medlem av Det Norske Akademi for
Og Morten Søberg (Foto: Trude Heggheim Nilsen)

Sprog og Litteratur, og Professor i tysk og nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo skal innleie om emnet.

Ulike innfallsvinklar
I tillegg blir det kveikande innleiingar om språkmangfald i Europa, nynorsk i læraropplæringa, Mållaget sitt syn i eit historisk perspektiv og om kva utfordringar som ventar i framtida.

- Målet har vore å setje saman eit program som ser på denne problemstillinga frå ulike hald, seier Marit Aakre Tennø, som har arbeidd med å setje saman programmet.

- Det er ein styrke å kunne setje seg ned
Og Synnøve Skjong.

saman og snakke om politiske utfordringar ein litt anna innfallsvinkel. Det er viktig med nynorske lærebøker og nynorsk teksting på barne-tv. Samstundes må me hugse på at nynorsk har eit politisk innhald. Eit tospråkleg samfunn er ei politisk avgjerd. Spørsmålet er kva argument me vel å nytte.

Les meir om haustseminaret her

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no