Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Fosseveka i gang

 (24.09.2009)

Jon Fosse rundar 50 år 29. september. Det blir feira med ei rekkjer tilskipingar av, om og med jubillanten.

Foto: Knut Egil Wang

Fosse har tidlegare i år blitt feira både på Festspillene i Bergen og i heimbygda Strandebarm. Den neste veka blir 50 årsdagen markert i Oslo. Samlaget gjev ut seks bøker i samband med feiringa. Cecilie Seiness har skrive portrettboka Jon Fosse- Poet på Guds jord. Fosse er sjølv aktuell med diktsamlinga Songar, og barneboka Spelejenta. I tillegg har praktboka Dikt i samling, skodespelet Desse auga og Teaterstykke 4 kome ut i vår.

Eit høve til å takke
- Når Jon Fosse no fyller 50 år, er det eit flott høve til å takke for alt det denne forfattaren har gitt forlaget, lesarane, teaterpublikummet og nynorsk språk og litteratur, seier Margit Walsø, forlagssjef i Samlaget og Fosses redaktør gjennom fleire år.

- Samlaget har fått følgje ein produktiv forfattarskap i stor utvikling og utbreiing. Vi har sett ein forfattar, som etter å ha etablert seg solid som romanforfattar, poet og barnebokforfattar, har gjort dramatikar av seg og opplevd eit internasjonalt gjennombrot utan sidestykke i samtidslitteraturen, seier Walsø.

Portrettboka blir lansert på Litteraturhuset torsdag 24. september kl 19. Forfattar Cecilie Seiness og kritikar Tom Egil Hverven samtalar om boka og om kva det er med diktinga til Fosse som har slik grenselaus appell. Skodespelar Hildegun Riise les dikt av Fosse.

Festkveld
Samlaget arrangerer ein eigen festkveld for jubilanten på Litteraturhuset fredag 25. september kl 19 der Fosse sjølv deltek med opplesing saman med fiolinist Benedicte Maurseth. Skodespelarar frå Nationaltheatret og Det Norske Teatret bidreg med utdrag frå oppsetningar, og det blir festtalar, musikk og unge skodespelarar på scena.

Fosses nye barnebok Spelejenta blir lansert på fleire arrangement i skule, bokhandel og på Litteraturhuset. Onsdag 30. september arrangerer Samlaget eit manuskriptseminar i samarbeid med Det Norske Teatret for forfattarar som er i startfasen med å skrive prosa eller drama. Det Norske Teatret vier alle sine lunsjarrangement heile veke 39 til Jon Fosses forfattarskap. I tillegg blir det utstillingar og forskjellige bokhandlararrangement rundt i byen.

Detaljert program

Pressemelding Samlaget
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no