Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mediedagane i gang

 (01.10.2009)

Nynorsk redaktørpris, NPK 40 år, pressehistorie og TV2-seminar. Dette er noko du kan få med deg under Dei nynorske mediedagane.

Det er Mediemållaget som nok ein gong inviterer til Dei nynorske mediedagane. Føremålet er å skapa ein møteplass for å fremja og utvikla den nynorske mediekulturen. Mange verksemder og organisasjonar frå medieverda og nynorskmiljøet er samarbeidspartnarar og bidragsytarar. Dei nynorske mediedagane er opne for alle interesserte.

I samband med Mediedagane skipar Mediemållaget til festkveld i Litteraturhuset i Oslo. Gabriel Fliflet, Sigrid Moldestad og Olav Tveitane står for konsertdelen under tittelen ”Språkleg songfald”. Det vert utdeling av Nynorsk redaktørpris, Arne Hjeltnes snakkar om nynorsk i den kommersielle verda. Erling Lægreid kåserer om journalistar og journalistikk: " Boktrykker Aslaksens yngel"? I tillegg blir det utdeling av Nynorsk redaktørpris for 2009.

Les meir på heimesidene til Mediemållaget

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no