Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

– Regjeringa må ta eit styrkeløft

 (01.10.2009)

– Regjeringa må ta eit styrkeløft for nynorsk dei neste fire åra. Det har vore eit mål for mange regjeringar å styrkje nynorsk skriftkultur. Likevel har den statlege språkpolitikken dei siste tiåra ikkje endra maktfordelinga i den norske språksituasjonen.

Ottar Grepstad (Foto: Anders Aanes)
Det sa direktør Ottar Grepstad ved Ivar Aasen-tunet i årstalen sin om tilstanden for nynorsk skriftkultur i Tromsø fredag. Det var niande gongen Grepstad gjorde opp status for den norske språksituasjonen.

Dialog mellom nord og sør
Talen opna med ein kommentar til kortfilmen ”Made by Norway” som Aker ASA har vist på kino og tv dei siste vekene. Der les Anderz Eide heile diktet ”Nordmannen” av Ivar Aasen. Grepstad opplyste at 2,5 millionar har sett denne filmen, og roste Aker for den litteraturformidlinga dette har vore.

Direktøren i Ivar Aasen-tunet tok til orde for meir kontakt mellom nynorske, samiske og kvenske miljø. – Det er mange i sør som må ta innover seg erfaringane med språkleg og kulturelt mangfald i Nord-Noreg, sa Grepstad. Han meinte det norske storsamfunnet treng både den nynorske erfaringa og dei røynslene urfolk og minoritetar har gjort.
Grepstad ville gjerne også dele erfaringar frå nynorskmiljøet med urfolk og minoritetar i ord. – Rammevilkåra våre er prinsipielt ulike, men eg trur vi har mykje å snakke om, sa direktøren i Ivar Aasen-tunet.

Kulturelt ran
– Nynorskbøker utgjer ikkje ein større del av norsk bokproduksjon enn for 100 år sidan. Tilbodet av barnebøker er tredobla dei siste femti åra, men for kvar femtande ny barnebok på bokmål kjem det éi på nynorsk. Dette kallar somme valfridom. Det ser meir ut som eit kulturelt ran, sa Grepstad.
– Der er ein etterspurnad utan tilbod, og det betyr at marknadsmekanismen ikkje verkar i det norske språkmangfaldet, hevda Grepstad og meinte at di fleire som snakka om valfridom utover på 2000-talet, di større blei skilnadene mellom grupper av språkbrukarar.

Språkleg tiltakspakke
I årstalen gjekk Grepstad inn for ein språkleg tiltakspakke som kan gi born og unge meir nærkontakt med nynorsk. Neste år skal vere Leseåret 2010. Dette må dreie seg om mykje meir enn leseferdigheit i skulen. – Dei lesekampanjane staten har gjennomført, har verka for dårleg. Leseåret må brukast til å endre norsk skriftkultur til det betre, sa Grepstad.

Pressemelding Nynorsk Kultursentrum
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no