Kulturdepartementet vil no støtte prosjektet Ung til sinns - på nett med 300.000 kroner årleg i tre år. Prosjektet er eit samarbeid mellom ABC Startsida, LNK, Garborgsenteret, Magasinett, Pirion og Kulturdepartementet.
Den planlagde nettavisa skal sikre at nynorskbrukarar får eit betre tilbod på internett, og vil ha hovudvekt på regionale nyhendesaker og kulturstoff for og av ungdom. Meininga er at stoffet skal treffe ungdommen på deira premissar.
- Den overordna målsetjinga med prosjektet er å få meir nynorsk for ungdom på nettet, samstundes som ein styrkar posisjonen til ABC Startsida, seier dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland til
LNK Nytt.
No har Kulturdepartementet støtta prosjektet med kr 300.000, med ei opning for like mykje pengar dei neste to åra.