Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Håpar på meir samarbeid med Riksmålsforbundet

 (06.10.2009)

- Framleis er me nok meir usamde enn samde, men to punkt einast me om: god språkrøkt og meir offentleg normaltalemål, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Eg håper dette er berre det fyrste steget, sa Øvregård.
Noregs Mållag inviterte Riksmålsforbundet til haustseminaret i Bergen til å halde ei innleiing om utfordringar for eit tospråkleg Noreg. Dette var berre ei av fleire innleiingar som tok utgangspunkt i Språkmeldinga som slår fast at norsk språkpolitikk er å ta vare både på bokmål og nynorsk.

Det var tyskprofessor ved Universitetet i Oslo, John Ole Askedal som representerte Riksmålsforbundet og han takka for den overraskande invitasjonen.

- Etter ein langvarig strid, så treng me etter Språkmeldinga ikkje å stridast lenger. Me kan like godt leve i fred med kvarandre, sa Askedal til Bergens Tidende, som skreiv ein lengre artikkel om seminaret.

Samde i noko
Håvard B. Øvregård forklarte invitasjonen med at det er viktig å sameine dei språkpolitiske kreftene i Noreg.

- Det er ikkje altfor mange som er opptekne av språkpolitikk i Noreg. Riksmålsforbundet har synspunkt og meiningar som det er viktig å ha med i eit språkpolitisk ordskifte, sa Øvregård til avisa.
- Framleis er me nok meir usamde enn samde, men to punkt einast me om: båe er opptekne av god språkrøkt, sjølv om det er på vegner av eige språk. Og me er samde om at det burde vere meir normaltalemål i ålmenta.

Han ser ikkje vekk i frå at det kan bli fleire møte.

- Eg går ut i frå at me skal møtast igjen, det er godt å ha den kommunikasjonslinja. Eg vonar dette er berre det fyrste steget, sa Øvregård til avisa.

Delt ansvar
Bergens Tidende fylgde opp med ein leier der det mellom heitte at "de to målformene har vært til berikelse for norsk kultur, med et samlet ordtilfang, formverk og språklig mangfold som språkstriden ikke har verdsatt, som fordommer har overskygget. Riksmålsforbundet og Mållaget har et samlet ansvar for å forvalte denne arven."

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no